Har du som går i 5. eller 6. klasse lyst å vere med på noko spanande? Det er nemleg klart for LysVaken i Hauge kyrkje 🌟 Me samlast fredag 27. november klokka 18.00 i Hauge kyrkje. Då skal me bli kjende, synge, danse, ha juleverkstad, ete pizza, førebu oss til gudstenesta og sist men ikkje minst – overnatte i kyrkja! Me gler oss til å gå inn i adventstida med deg. 😊 På laurdag et me frukost, pakkar saman og reiser heim klokka 10:00. På søndag møter me attende i kyrkja klokka 15:30, for å gjere dei siste førebuingane til: LYS VAKEN-GUDSTENESTE i Hauge kyrkje søndag 29. november klokka 16.00. Det vert «kyrkjegløgg» og peparkaker etterpå. Då vert lysa på stallen bak kyrkja tent! ⭐
Påmelding seinast måndag 23. november. Det er gratis å delta. Alle 10- og 11-åringar i Lærdal er gjarteleg velkomne til å delta på LysVaken. Du finn invitasjon og påmelding i vedlegget nedst på sida her.
Hjarteleg velkome!⭐
Beste helsing alle oss i kyrkja i Lærdal.