🎄 Velkomen til pop-up julerestaurant på Laksen!
Under Julemarknaden i Lærdal 21.–22. november kan du nyta ein god juletallerken hjå Laksen Bakeri & Kafé. Ta ein pause frå marknadslivet og kom innom for litt ekstra julestemning og ei hyggeleg stund! ❤️
📅 Laurdag 21. november kl. 13.00–18.00
📅 Søndag 22. november kl. 13.00–16.00
No satsar me på eit nytt pop-up-konsept på Laksen, der bakeriet blir gjort om til restaurant på utvalde datoar. Kvar gong ventar ein eigen meny tilpassa høvet. Bak pop-up-konseptet står Mantas Vaidelis og kjøkkenteamet frå Fretheim Hotel i Flåm!
Me gler oss til å sjå deg 🫶