Arrangement

Miniklubben (frå 4 år til skulealder)

Logo
Arrangeres av:

Velkomen til Miniklubben i Lærdal hausten 2026! 😊🪇🪈🎶🎨🖍️Det vert samlingar annankvar onsdag (i partalsveker) frå klokka 17 til 18. Hjarteleg velkomen på Miniklubben 25. november!

Me møtast for å synge, skape og leike saman. Alle barn frå 4 år og til førskulealder kan vere med. Me vil vere eit sosialt og hyggeleg møtepunkt i kvardagen for småbarnsforeldre, og barna vil få oppleve eit positivt fellesskap. Det er sjølvsagt hyggeleg når besteforeldre følgjer barna òg. 😉 De, vaksne, er velkomne til å bidra praktisk om de har høve til det under samlingane.

Musikkaktivitet stimulerer til motorisk og språkleg utvikling, og me håpar samlingane kan inspirerer til bruk av song og musikk i heimen òg. Miniklubben kjem til å skape ulike ting denne hausten. Tema for aktivitetane er symbol, fargar, advent og jul. Me avsluttar kvar samling med noko lett å bite i. Miniklubben får utdelt diplom og det som deltakarane har laga i løpet av våren, på siste samling/gudsteneste.

BLI MED I SPOND: Du finn gruppa "Miniklubben hausten 2026" ved å bruke kode: SHWOA i Spond-appen eller ved å følge denne linken: https://spond.com/invite/SHWOA

Gi beskjed om de ikkje har høve til å bruke Spond eller treng hjelp til å bli med i den. Som medlem i spondgruppa vil de automatisk få eit varsel to dagar før kvar samling - då er det fint om de gir tilbakemelding om de kjem på den aktuelle samlinga.

Kategori
Together

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Vedlegg #1

November 25, 2026

16:00 — 17:00

Praktisk informasjon

Sted:Kyrkjestova ved Hauge kyrkje
Adresse:Brattegjerde 2, 6887 Lærdal, Norway
Kontaktperson:
Deltakere på aktivitet:Alder 4 - 6 År
Eksterne lenker:spond.com

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart