Arrangement

Eldredagen 2026

Logo
Arrangeres av:
Medarrangør

Velkomen til Eldredagen 2026!

Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne inviterer alle innbyggjarar i Lærdal over 65 år til ein hyggeleg ettermiddag og kveld med film, pizza og sosialt samvær.

📅 Torsdag 5. november

📍 Lærdal kulturhus

Program

Kl. 16.00: «Markens grøde» på kino

«Markens grøde» er eit storslått norsk drama basert på den kjende romanen av Knut Hamsun. Filmen fortel historia om Isak og Inger, som med hardt arbeid og kjærleik byggjer opp garden Sellanrå og skapar seg eit liv saman. Ei sterk og vakker forteljing om livet, naturen og kjærleiken.

Kl. 19.00: Pizzabuffet og sosialt samvær

Etter filmen samlast me til pizza og ei triveleg stund i lag på Laksen bakeri og kafé.

Påmelding

Påmelding innan torsdag 29. oktober til tenestetorget tlf. 57 64 12 00. Det er avgrensa tal på plassar, så her er det fyrstemann til mølla!

Gratis buss t/r frå Borlaug, ring tlf. 415 10 100 for å tinga plass.

Arrangør: Lærdal kommune v/Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Kategori
Together

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

November 5, 2026

15:00 — 20:00

Praktisk informasjon

Sted:Lærdal kulturhus
Adresse:Øyraplassen 14, 6887 Lærdal, Norge
Kontaktperson:
Deltakere på aktivitet:For personer eldre enn 65 år

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart