Tidlegare aktivitet

I tilfelle dommedag - er du budd om krisa råkar? // Lærdal kulturhus

Logo
Vert arrangert av:

Kva gjer du dersom straumen går ein iskald vinterdag, internett forsvinn og det ikkje kjem vatn i springen?

I samband med Totalforsvarsåret 2026 og Eigenberedskapsveka inviterer Lærdal kommune til ein kveld om eigenberedskap. Journalist og forfattar Egil Aslak Hagerup, kjend for bestseljaren I tilfelle dommedag, deler praktiske råd om korleis vanlege folk kan førebu seg på kriser utan å mista nattesøvnen.

Lokalt politi og kommunen sin beredskapskoordinator innleier kvelden og fortel om beredskapsarbeidet i Lærdal.

Dette blir ein kveld med både humor, ettertanke og nyttige tips om alt frå batteriradio og vasslager til godt naboskap.

Kategori
Debate

Kopier lenkje for å dela til Facebook-grupper

November 3, 2026

18:00 — 20:00

Praktisk informasjon

Stad:Lærdal kulturhus
Adresse:Øyraplassen 14, 6887 Lærdal, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart