Arrangement

Teater: Ei verdsomsegling under havet - Kaptein Nemos hemn // Lærdal kulturhus

Logo
Hosted by:
Ei eventyrleg, mystisk og morosam reise ned i havets djup, basert på Jules Verne si klassiske forteljing. Professor Arronax og kvalfangaren Neddy er på jakt etter eit sjøuhyre, men dei oppdagar raskt at det finst endå meir uhyrlege ting der nede i det store blå. Dei støyter på den underlege ubåten Nautilus, der kapteinen om bord, Nemo, har ein skummel plan som gjer at Arronax og Neddy aldri igjen vil sjå land. Blir dei borte for alltid, eller klarer dei å stanse Nemo? I Teater Vestland sin versjon av Ei verdsomsegling under havet – kaptein Nemos hemn er havet djupare og vakrere enn nokosinne, og Kaptein Nemo har endå mørkare hemmelegheiter. Bli med oss på den spennande ferda! Sidan ingen vaksne har full oversikt over kva som finst der nede i djupet, har vi måtta setje vår lit til barnas fantasi. Barn langs turnéruta har teikna havets hemmelege kryp og vesen, og så har verkstadene våre gjort sitt beste for å lage dei. Billettar til sals på www.teatervestland.no
Category
Experience

Copy link for sharing to facebook groups

19 Mar 2026

17:00 — 18:30

Practical Information

PlaceLærdal kulturhus
AddressØyraplassen 14
Contact person
Social networks:teatervestland.no

If you have any questions, please do not hesitate to contact us