Arrangement

Laurdagsope bibliotek med Kokosbananas-show

Logo
Vert arrangert av:

Velkomen til ein ekstra kjekk laurdag på biblioteket!

Laurdag 19. september kl. 14.00 inviterer me til laurdagsope bibliotek med besøk av forfattar Rolf Magne Golten Andersen og eit livleg Kokosbananas-show.

Rolf Magne Golten Andersen er forfattaren bak dei populære bøkene om Kokosbananas, og det er òg han som har alle stemmene i dei kjære lydbøkene. Her får publikum bli med inn i den fargerike og oppfinnsame verda til Kokosbananas – ein nysgjerrig og litt vill liten oppfinnar som bur saman med Mamma Banana, Pappa Kokos og veslesystera Baby Koko.

I oppfinnarskuret sitt lagar Kokosbananas dei mest utrulege oppfinningane, og det fører ofte til rare, komiske og spennande situasjonar. Under showet les og fortel Rolf frå bøkene, og barna får vera med og laga lydeffektar undervegs. Det blir ei engasjerande forteljarstund med mykje latter, fantasi og deltaking frå salen.

Visste du at Kokosbananas også har fleire songar? Desse får de sjølvsagt høyra her, og me håpar både små og store vil syngja med og vera med på å skapa ei forteljarstund full av futt og glede.

Arrangementet passar for barn frå 3 år og oppover, og heile familien er hjarteleg velkomen.

Ta turen innom biblioteket denne laurdagen – me gler oss til besøk!

Kategori
Experience

Kopier lenkje for å dela til Facebook-grupper

September 19, 2026

12:00 — 13:00

Praktisk informasjon

Stad:Lærdal kulturhus
Adresse:Øyraplassen 14, 6887 Lærdal
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.